Melshornet Pinsegudstnjeneste

Melshornet Pinsegudstnjeneste


When?

Start time: Monday 12:00 (21 May)

About

2.pinsedag vert det, i tradisjonens ånd, gudsteneste på Melshornet klokka tolv. Hjørungavåg IL stiller som vanleg med parkeringsvakter ved fjøset på Ulset. Vi oppmodar folk til å følgje vaktene si tilvising slik at flest mogleg får tilfredstillande parkering.
Dei som ynskjer å starte frå Pilskog/Overå (tidlegare Pilskog-butikken) må møte opp i ti-tida og vil da få gaida tur i den nye råsa mot Melshornet via Grøthornet. For dei som vil gå ned denne råsa, vil turleiaren vise veg. Det er alltid kjekt å prøve ut nye råser. Utsikta er flott begge vegane, og gåavstanden til Melshornet er om lag den same ca.3,5km, men ein bruker ca 15 min. meir tid frå Pilskog.
Rett etter gudstenesta vil Trimgruppa orientere om kven som er premivinnare av turoriteringa vinterhalvåret 2017/18.

Vel møtt til gudsteneste på fjellet med den finaste utsikta. Dette i følge Å.S.T. sin kommentar etter ”oppturen” dei hadde no i mai med ungdomskulane frå Hareid, Ulstein og Herøy.

Turleiarar er:
Ottar Pilskog tlf. 99 26 44 92
Aud Liaset tlf. 97 09 89 31