Odd Nordstoga

Odd Nordstoga


When?

Start time: Friday 19:00 (13 July)
End time: Friday 21:00 (13 July)

Where?

Halne Fjellstugu
Hardangervidda 227, Eidfjord

About

Odd Nordstoga er klar med eit nytt studioalbum. Albumet, rett og slett ei dobbeltplate, har fått namnet «Kløyvd». Noko av musikken har du kanskje høyrt, sidan seks spor er utgjevne på strøymetenestane i løpet av 2017. Låten «Fri» har du også ganske sikkert høyrt på radio. Den viste seg å vera ein solid radiohit, og verserte på topp 10 på radiolistene til langt ut på hausten.

Dette albumet viser på sett og vis to sider av artisten og låtskrivaren Odd Nordstoga. Den eine sida er akustisk, forteljande og lenande mot vise- og countrygenren. Den andre er meir høgmælt, elektrisk og med kjenslene springande rett ut frå musikken.

Historiane på «Kløyvd» handlar ofte om strevet med å finne forløysing, finne fred, finne heilskap. Det er, som tittelen antydar, ikkje så lett for eg-personane på denne plata. Anten det er ein kval, ein nyskilt mann eller ein forvilla utflytjar det handlar om, så har dei ikkje funne heilt «heim».

Odd Nordstoga og hans fantastiske band gledar seg veldig til å koma ut å framføre denne plata! I tillegg lovast sjølvsagt ein utsøkt bukett låtar frå den etterkvart ganske omfattande back-katalogen. Dette kjem til å bli så moro. Dette kjem til å bli bra!

I bandet:

Øyvind Blomstrøm - gitar
Tor Egil Kreken - Bass
Torstein Lofthus - Trommer
David Wallumrød - Keyboards

Lyd: Anders Aasebøe
Ljos: Marius Schei Johansen



Events around Halne Fjellstugu

Ferdaminne
45 km »

Ferdaminne

Saturday 17:30 (08 September)
Ulvik poesifestival, Ulvik

Konsertar OG Bryggedans

Konsertar OG Bryggedans

Friday 21:00 (27 July)
Visit Undredal, Undredal

Sommarkurs: Veving kom i gang

Sommarkurs: Veving kom i gang

Monday 19:00 (25 June)
Raulandsakademiet as, Rauland

Sommarkurs: Mønsterkonstruksjon og saum av klede

Sommarkurs: Mønsterkonstruksjon og saum av klede

Monday 19:00 (09 July)
Raulandsakademiet as, Rauland

Årdalsråven 2018

Årdalsråven 2018

Saturday 17:00 (29 December)
Bakeriet Øvre Årdal, Øvre Årdal

Yoga og Mindfulness i fjellet

Yoga og Mindfulness i fjellet

Friday 17:00 (28 September)
RøldalsTerrassen, Røldal

Famile yoga en helg for felleskap og glede

Famile yoga en helg for felleskap og glede

Friday 17:00 (10 August)
RøldalsTerrassen, Røldal

Deilig Mindfulness i Fjellheimen

Deilig Mindfulness i Fjellheimen

Friday 14:00 (24 August)
Fagerhøy Fjellstue As, Nesbyen